2014-06-02-2619
Fiske frå land eller frå båt
I fjorden er det fritt fiske med stang og garn. Du kan fiske frå land eller leige deg båt. Du kan leige båt fra tre timar og opp til fleire dagar. Du kan kjøpe bensin sjølve eller å legge inn bensinbruken i leiga. På Petrines Gjestgiveri kan du låne fiskeutstyr om du har rom eller leilegheit der, eller du kan leige for ein rimeleg penge om du ikkje er gjest.
Legg fangsten på grillen!
Kva er vel betre enn å grille nyfiska fisk på bålet eller på grillen ein fin sommarkveld? Det er ikkje alltid like viktig å få kilovis med fangst. Du kan supplere med gode grønsaker frå Joker og nydelege bringebær eller jordbær om dei er i sesong. Og så kan du plukke deg eit par blåskjel til krabbemat! Dei små strandkrabbene finn du under små og store steinar i fjøresteinane.

 

Oppleving_båt

Gjestehamn og båtleige
Du kan kome med eigen båt til ein gjestplass på Norddal hamn og få ein plass i morgonsola! Her er ferskvatn, straum og kort veg til butikk og spiseplass. Her finst og eit par båtar til leige for halv eller heil dag, eller fleire dagar. Du kan velje å kjøpe bensin sjølve eller kjøpe hjå oss for kr. 20 per liter.

Prisar båtleige: halv dag kr. 550,-, heil dag kr 890,-, full veke kr. 4000,-
Kontakt: Susanne Moen Ouff
Telefon: +47 922 34 820

 

Prisar gjestehamna: kr. 150,- per døgn, kun kontantbetaling.
Kontakt: Lars Roar Storås
Telefon: +47 905 34 419