storaashandel
Joker Norddal vert dreven av John Kåre Storås, daglegvarebutikken som oftare vert kalt Buda. Her får du alle slag daglegvarer, ferske grønsaker, aviser, litt kjøkenutstyr og meire til. I tillegg til å vere verdas beste handelsmann, er John Kåre ein habil naturfotograf og sel bilda sine frå butikken. Buda er ope alle kvardagar  kl 09-18 og laurdagar kl 09-16.
Kontaktperson: John Kåre Storås
E-post: johnstoras@storashandel.no
Telefonnummer: +47 702 59 060
Adresse: Dalssida, 6214 Norddal

 

kajakk

Kajakkutleige

På Buda kan du òg leige kajakk for eit par timar eller for fleire dagar. Kajakkane ligg klare nede ved fjorden, rett over vegen for Buda.