Kjøttvarer
I Melchiorgarden produserar dei kjekjøt, spekemør og kokemør av reint geitkjøt, og spekelår av geit. Kjøtvarene kan du kjøpe i gardsbutikken deira, så lenge lageret rekk. I Gjæra produserar dei økologisk lam, som du får smake i dei gode spekepølsene frå Tind spekevarer, eller i restauranten på Petrines Gjestgiveri.

Melchiorgarden
Kontaktperson: Petter Melchior / Torunn Ljøen
E-post: heim@melchiorgarden.no
Telefonnummer: 0047 922 834 77 / 0047 926 26 787
Addresse: Dalssida 22, 6214 Norddal

 

baer1
Bær, frukt, saft, sylte og gelear…
Norddal er ei bygd der frukt og bær har særs gode vekstvilkår. I Melchiorgarden og i Olegarden vert det produsert høgkvalitetsprodukt av bringebær, både for fersk konsum og i form av saft, gelear og syltetøy. Du får og gelear og syltetøy av plomme, pære og eple. Bringebæreddik og -sirup er og populære varer.
Olegarden
Kontaktperson: Inge Relling / Synnøve Hollum Relling
E-post: ingerelling@gmail.com
Telefonnummer: 0047 918 12 240 / 0047 992 45 716

 

Melchiorgarden: sjå over

 


Ramslaukprodukt
Ramslaukpure og ramslaukolje for  er dei nyaste produkta vi har for sal. Ramslaukprodukta er tillaga i fersk tilstand, og beheld dei gode eigenskapane dei har når det er nyplukka. Du får kjøpt ramslaukprodukta i begge gardsutsala i bygda og på Petrines. 
Ramslaukprodukt
Kontaktperson: Unni Bjørnstad Hjelle
E-post: ramslauk@icloud.com
Telefonnummer: +47 990 17 095
Addresse: Rellingsvegen 34, 6214 Norddal

 


Skinn
På fjellgarden Gjæra kan du kjøpe skinn av gamalnorsk spelsau både med og uten trykte mønster. I Melchiorgarden får du garva skinn av kje og geit. Skinna er flotte gaver til ein du er glad i, eller som eit minne til deg sjølv frå besøket i Norddal.
Fjellgarden Gjæra
Kontaktperson: Ingvild Hansen Nystad
E-post: ingvild.hansen.nystad@gmail.com
Telefonnummer:0047 928 20 034
Addresse: Hatlestadfjellvegen 207. 6214 Norddal

 

Melchiorgarden: sjå over.

 


Honning
I Olagarden driv Leif Ivar med bier. Biene beitar både på lyng og bringebærblomster. Bi-kubene er plasserte fleire stader i bygda og nokre i Eidsdalen. Kubene må stå godt plasserte nær områder med mykje blomar. Om biene må flyge meir enn ein kilometer for å hente heim mat, brukar dei all energien på å flyge att og fram, framfor å lage nydeleg honning.
Honning og hytter
Kontaktperson: Ingunn Linge Valdall
E-post: ingunnlinge@gmail.com
Telefonnummer:0047 905 81 156
Addresse: Dalssida59, 6214 Norddal

 

ost
Geitost
På Herdalsetra og på Dale gard lagar dei nydeleg, ekte geitost. Ta kontakt viss du ønskjer å kjøpe, sesongen er frå juni til oktober.
Herdalssetra / Dale gard
Kontaktperson: Åshild Dale
E-post: aashild@online.no
Telefonnummer: 0047 702 591 08  / 0047 970 120 35
Addresse: 6214 Norddal