Rapha Travel
Noko for Rapha Travel -noko for deg?

Dei siste åra har vi hatt nokre av dei tøffaste og mest kresne sykkelgjestane innom i Norddal. Nokre har hatt bygda og Petrines Gjestgiveri som base og lagt mil på mil bakom seg, og høgdemeter på høgdemeter under seg. Andre, som vidgjetne Rapha Cycling Club, har hatt Norddal som ein pitstop for overnatting og heimelaga mat på veg frå Åndalsenes i vest, via Norddal og Geirangerfjord til Oslo i aust.

Du treng ikkje vere SÅ tøff for å trivst!

Med base i Norddal, finn du kortare og lengre turar på ulike underlag som kan passe alt frå den turglade barnefamilien, den spreke hobby-syklisten og den kresne mil-slukaren. Sjå turforslaga våre under, ta kontakt med oss  -eller meld deg på ein av Rapha Travel sine turar i sommar!

 

sykkelt
Sykkelturar for alle 
Jau, dei aller fleste vegar i Norddal går oppover…men området er likevel eit eldorado for sykkelturar for alle! Det er berre å ta seg tida. Og la vegen vere målet. Vi har mange forslag til deg, anten du vil sykle med smale dekk og treningstøy, eller ta med borna på ein liten ekspedisjon. Spør oss om sykkelheftet vårt, der kan du sjå litt nærare på turane.
Småturar i bygda
Lille-runden rundt bygda: Tre km nesten flatt kjem du deg rundt bygda over Dalhus. Du syklar fordi alle dei flotte Schmidt-husa, og kan nyte elva heile vegen. Store-runden rundt bygda: Fem kilometer med variert terreng, først flatt, så bratt opp til Prestegarden før du får flotte bakkar ned att. Om du vil, skal du sykle om Dale med eplehagar, grusveg og fin bebyggelse, spør oss om vegen 🙂 

 

sykkelt

Storåsen: 6 km. Dette er ein tur alle får til, og utan å lage ein heil ekspedisjon av det kjem du til eit utsiktspunkt som kan ta pusten frå deg. Litt bratt er det på veg opp, ta med niste! Vel oppe kan du tenkje på at turen ned att går som ein leik. Herdalen: 10 km. Nokså bratt innimellom, men du finn mange stader å stoppe for ein kvil. Jo høgare opp du kjem, jo enklare vert det å forstå korfor området og landskapet står på UNESCO si verdsarvliste.

Geiranger: 30 km. Å sjå attraksjonane frå sykkelsetet, medan dei andre susar forbi dei i bil, gir ein ekstra dimensjon til opplevinga av Verdsarven. Vel framme i Geiranger kan du leige deg ein el-bil med audio-guide og suse lydlaust opp til Iris på Westerås for lunsj! Valldal-Trollstigen-Åndalsnes: 12 tøffe mil og mange høgdemeter tar deg gjennom vilt landskap, over Gudbrandsjuvet og gjennom landskapsvernområdet.

 

sykkelt

Sykkelturar utanom allfarveg

For deg som verken treng grusveg eller asfalt under hjulet, finst det eit par gode alternativ som tek deg ut og opp. Merk at her er ingen løyper eller stiar spesielt tilrettelagt for sykkel, slik at du bør ferdast med merksemd og i respekt for andre fjellfararar. Der er og dyr på beite dei fleste stader.

Gamlevegen til Rellingsetra: Rett før Dalsbygda barnehage tar du til venstre inn ei grind, merka med tursti til Rellingsetra. Her får du rikelig med motbakke først opp til Gjæra, og sidan vidare til Rellingsetra. Dyrdalen frå Rellingsetra: Du kan sykle eller køyre til Rellingsetra. Herfra kan du med rett sykkel og god erfaring sykle framover dalen i retning Storvatnet. Kor langt du kjem kommer an på form og føre.