Det var ein gong.....
Slik må vel historia starte som skal ende med ”The happy end”. Det byrja nemleg med at det vart innkalla til ei samling. ”Vi skulle gjerne gjort noko,” sa nokre. Utgangspunktet var at vi gjerne skulle hatt fleire arbeidsplassar i bygda og stemninga på samlinga var at vi burde nok gjere noko også ... Kort sagt, det vart fleire samlingar i bygda med gode idear og store og mindre tankar.
Det enda med endeleg stifting av organisasjonen The happy end – Norddal 10. juni, 2004. Sidan det no er så på moten med ein visjon, tenkte vi: Oss må jo ha ein oss også. Så den vart: Oss skal vise dei oss
Formålet for The happy end, er å skape aktivitet og arbeidsplassar i bygda. Dette vil vi gjere gjennom aktiv marknadsføring, produktutvikling og samarbeid med andre.
Vi er altså ein næringsorganisasjon, men vi er ikkje berre det heller, vi er eit lag, ei bygd og også ein marknadsføringseining. Vi vil nytte dei moglegheiter som ligg i bygda og området og folket i den. Vi har også skikkelege vedtekter for at alt skulle vere på stell.
Øvste organ i The happy end, er: Storblåsarrådet
Rådet har 3-5 storblåsarar, og vår sjefsstorblåsar er for tida Petter Melchior. Han skal mellom anna vere vårt ansikt til omverda:
Elles har vi fleire storblåsarar i styret som skal stå for galskap, forteljingar og det som elles måtte vere naudsynt å gjere.
Vi ville starte alt med å ramme inn bygda...
og lage noko som peika mot bygda...
Avdukinga av pila vart gjort av ordføraren på Midtsommardagar 2004.
Midtsommardagar vert forresten arrangert i Norddal kvart år helga før midtsommar.
Vi arrangerte Gourmetour på Midtsommardagane, ...
selde ein del produkt på Olsokarrangement i Valldal...
Skilandslaget var også med.
og på førjulsarrangement på Petrines Gjestgiveri i Norddal.
Elles har vi i haust arbeidd med profilering som denne internettsida, ein presentasjonsvideo, og å lage profileringsmateriell til alle medlemmane. Dei er forresten 12 bedrifter i talet.
Vi har også prøvd å få på plass eit sekretariat for organisasjonen. Vi treng det, så ikkje alt skal gjerast på dugnad, men det gjenstår enno å sjå korleis det går.
Men kontakt for informasjon, eller for å kjøpe varer kan du få ved å ringe Petrines Gjestgiveri på telefon 70 25 92 85, eller e-post: petrines@online.no