Paktarstova

Velkomen til Paktarstova
på prestegarden i Norddal

 

Arr: The Happy End og Stiftinga Paktarstova

Kortreist handel

 

 

 

 

 

Haustmarknad i The Happy End laurdag 21. november
med HUSkonsert ved Alfred Nilsen/Anne Lise Stenvåg.

Opa veke på Paktarstova 16.-20. november
(kaffidrøs frå kl. 18.00 kvar dag)

16. nov. kl 18.00: Kaffislaberas for bygdekvinnene i verdsarven, kaffi-film
17. nov. kl 18.00: Snekring av ”verdsarvsbenkar”, verdarvsfilm (frå skuleprosjekt)
18. nov. kl 18.00: Dokumentarfilm (Black Gold) om global handel med kaffi
19. nov. kl 18.00: Dokumentarfilm ”Kultur+landskap=sant”, internasj. lansert, lokale motiv
20. nov. kl 18.00: Kaffidrøs på Paktarstova med Yoga-smakebitar og kvileøvingar.

Haustmarknad på Paktarstova laurdag 21. november kl. 12-17

Sal av lokal mat/drikke og handverk
Kafé ved Nina sitt heimebakeri
Lotteri ved Norddal Idrettslag
Miniloppemarknad ved borna
Huskonsert med Alfred Nilsen/Anne Lise Stenvåg, kl. 17.30, inngang over 15 år: Kr 100,-



 

Kortreist handel langt ut på landet

Ein koseleg, tankevekkande og kortreist førjulshandel kan ein leite lenge etter – men The Happy End leverer. I paktarstova på det freda tunet Norddal Prestegard inviterast vi inn til drift og drøs heile den komande veka.

Det blir kortreist handel med langsiktige tankar når
Stiftinga Paktarstova og The Happy End inviterer til Opa veke og Haustmarknad på Paktarstova neste veke.

Her kan ein nyte heimelaga konfekt frå lokale bønder attåt rettferdig kaffi frå andre småbrukarar i verda. Og sjå film om forholda. Eller kjøpe kjøt frå kje som har sprunge i Herdalen. Og få verdsarven inn på fleire måtar, film og bilete. Med på kjøpet kan du få lokalt orgelbrus under levande lys i den stemningsfulle kyrkja. Eller bli med på huskonsert laurdagskvelden.

Ei heil veke med drøs i den freda paktarstova på Norddal Prestegard:
Det startar måndag med kaffislaberas for alle bygdekvinnelagskvinner i verdsarvskommunane Stranda og Norddal. Stiftinga Paktarstova vil gjere stas på den omsorgen som fører arven frå åker til bord. I same andedrag snurrast film om handel med kaffi – eit globalt matproduksjons-fokus som bygdekvinnelaget sjølv har drive kampanje for i år.

Tirsdag skal det snikrast ”verdsarvsbenkar” etter tradisjonell modell, med linkar både til lokale skuleborn og til Robben Island.

Onsdag blir ”Black Gold”-filmen om rettferdig kaffi-handel rulla for opne dører.

Torsdag kan vi sjå dokumentarfilm om kulturlandskap, med stor fokus på Norddal. Filmen ”Kultur+ landskap=sant” er laga av Evald Otterstad, og er internasjonalt lansert, i desse dagar i Marokko.

Fredag inviterer Stiftinga og kyrkja til ein kvilepause før haustmarknaden laurdag. Organist Gunnar Inge Eide gir oss minikonsert med orgelbrus under levande lysekroner i kyrkja. ”Pausen” held fram med kaffidrøs og kvileøvingar ved Yoga-instruktør Christine Strandmann på Paktarstova.

Laurdag er dagen for den store handelen på paktarstova. Her kan du få tak i eksklusive varer som geitekjøt i pølse-, mør , rull og lårform, kjeskinn, geitekarameller, geitost, bringebær på glas og flaske, honning frå bygdebier, kaker frå heimebakeriet, handtrykte skinn, med meir. I tillegg sel bygdeborn vekk dei avlagte tinga sine til inntekt for born i naud. Idrettslaget har lotteri, og heimebakeriet kafe.
Når handelen er over, er det berre å sige ned i storstova og vente på at det lokale ”bandet” Anne Lise Stenvåg og Alfred Nilsen spelar opp til huskonsert.
Så er vi eit langt kortreist steg nærare jula.