
Marknadsføringsorganisasjonen The Happy End – Norddal (THE) har nettopp kome attende frå besøk hjå samarbeidspartnarane sine i Bulgaria. Mandag 28.september til fredag 02. oktober var fire av medlemmene i THE på tur til det bulgarske fjellområdet Vest Rhodopi for å utveksle erfaringar, og lære om korleis dei tenkjer seg å utvikle miljøvennleg landbruk, kultur og reiseliv til eit felles produkt der.
“Unique Rhodopes” & ”The Happy End - Norddal”
Bygdeutviklarane i “The Happy End – Norddal” har sidan hausten 2008 samarbeidd nært med den bulgarsk organisasjon ”Unique Rhodopes”. Dei fekk kjennskap til The Happy End gjennom Innovasjon Norge og fondet Norway Grant. Saman har organisasjonane utarbeidd eit omfattande prosjekt der store delar av kostnadane vert finansiert gjennom dette fondet.
Den overordna målsettinga med prosjektet er å auke muligheitene for utvikling av øko- og lokal turisme i Vest Rhodopi regionen. Dette skal skje gjennom å utvikle samordna turistprodukt som bygg på kvalitetane og det unike i den lokale matkulturen.
Prosjektet skal oppmuntre til og fremje bruken av miljøvennleg produsert lokal mat som ein viktig del av det totale turistproduktet i regionen. Prosjektet skal tilby bøndene kunnskap, og gi dømer på god lanbrukspraksis. Vertshus og små hotell skal og dragast med i prosjektet ved at det skal utarbeidast kriterier for Det miljøvennlege kjøkken ( environment friendly Rhodopean cuisine).
Prosjektet skal drive næringsutvikling, og samstundes vere forbrukarretta. Det skal fremje miljø og kultur, og marknadsføre kor viktige det er å vere ein miljøbevisst forbrukar. Gjennom eit tettpakka program over nesten to år, skal merkevara ”Unique Rhodopes” utviklast.
Visit to Norddal
”The Happy End – Norddal” er vertskap for grupper frå den bulgarske organisasjonen. Så langt har det vore to grupper på besøk, begge ei veke. I Norddal har dei fått sett og opplevd det som medlemmane i THE har å by på. Det har vore aktivitetar på fjorden og på fjellet. Kultur og mat både på låven og til seters, fisking av sei og laks, studiar av landbruksmaskiner og mjølkesystem, erfaringsutveksling om produksjon av lokal ost, pølser og spekemat. Dei langvegsfarande har fått overnatte både i gardshus og på gjestgiveri, og dei har vorte servert mellom anna kjekjøt, potetball og heimelaga øl. Det lokale bakeriet og trykking på stoff og skinn har og stått på programmet. Vidare har det vorte tid til ei overnatting på Juvet landskapshotell, der Knut Slinning sitt konsept har imponert. Obligatorisk runde til Geiranger og verdsarvsenteret høyrer sjølvsagt med, og likeeins ein runde i flotte Ålesund.
Ut for å lære
No var altså turen komen for THE til å reise for å lære meir om samarbeidspartnarane sine i ”Unique Rhodopes”. Etter å ha landa i Sofia, gjekk turen strake vegen mot sør/aust. Ein stopp i klosteret i Bachkovo passa inn. Dette er eit av dei to mest besøkte i landet, og med så mykje folk har det utvikla stor marknadsaktivitet med salg av mange lokale matvarer og handverk i gatene rundt klostertet. Bygningane var flotte, men bar preg av forfall. Sanitærtilhøva var av ein standard som ein helst ikkje ønskjer å møte, og viser tydeleg at økonomien til klosteret ikkje er bra.
Prosjktleiar Petyo innlosjerte gjestane på sitt eige vesle hotell i Gela – 1500 moh, og midt i området som er tenkt utvikla under logoen ”Unique Rhodopes”. Frå denne basen vart det kvar dag ekspedisjonar rundt til dei aktuelle medlemmane i organisasjonen. Alle som tidlegare i sommar hadde vore i Norddal fekk no besøk frå The Happy End. I tillegg vart det stopp hjå handverkarar av ulike slag. Sekkepipe er som nasjonalinstrument å rekne i Bulgaria, og gruppa fekk både innføring i korleis desse vart laga, og ikkje minst dømer på korleis den let.
I Trigrad hjå Miro, ”the singing veterinarian”, vart det ridetur for heile gruppa – ei spanande oppleving, og sjøvsagt etterfølgd av eit flott måltid. Heilsteikt lam og mange andre lokale matrettar. Fleire av bulgararane driv med hesteoppdrett og ridehestar. Nokre er godt i gang og har allereie omfattande tilbod til turistar frå både innland og utland, medan andre er i oppstartsfasen. Vest Rhodopi er utpeika til særleg satsingsområde innan EU, og slik sett har dei som vil investere i landbruk og turistretta tiltak svært gode tilskotsordningar. Samstundes er vegnettet i landet særs dårleg, og fleire stader var det uråd å kome fram utan skikkelege terrenggåande bilar. Dette vart sagt kanskje å vere det største hinderet for utvikling i området. Fleire av dei som vart besøkt hadde måtte bidra med ein stor andel eigne midlar for å få brukbar veg.
På programmet desse dagane hadde The Happy End omvisning på bjørnemuseum, det var grottetur, planar for ørretoppdrett, omvisning i hytter og hotell. Ein tur på rullestei og grusvegar til Perelik Peak vart det og tid til. Her på ca 2200 moh vart det omvisning, og eit fantastisk måltid i heilt spesielt byggverk (slott). Nesten alt laga av stein, halm til isolasjon, vedfyring, og kun levande ljos, gjorde dette til høgdepunkt på på meir enn ein måte.
”Work shops”
Under opphaldet i Rhodopes hadde utsendingane frå THE møter med medlemmar i to delar av området. Her presenterte THE sitt eige prosjekt, medan dei fekk informasjon om aktivitetane til dei ulike frammøtte. Det vart og drøfta utfordringar og muligheiter, og mange ville ha råd om korleis dei skulle utvikle prosjekta sine. THE sine grunntankar om utvikling basert på samarbeid, lokale ressursar og stoltheit vart ivrig diskutert. Denne filosofien er ikkje like lett å gjennomføre i eit land der korupsjon og arbeidsløyse har dominert kvardagen for folk. Men det var tydeleg at interessa for å etablere eit fellesskap og skape ei merkevare var stor.
Så langt, og framover ..
Prosjektet er enno inne i startfasen. I alt 130 bulgarske personar/verksemder i området har svara på førespurnad frå prosjektet. Manualen for miljøvennleg landbruksproduksjon er ferdig og tatt i bruk. Prosjektet har fått stor mediaomtale, mellom anna på nasjonalt riksdekkande TV.Utover haust og vinter skal The Happy End – Norddal og Unique Rhodopes samarbeide om ein manual for hotell og vertshus, der menyutvikling og kundehandsaming vil vere viktige områder. Dei skal og utvikle og gjennomføre kurs for dei bulgarske medlemmane på dei same områda. Det skal arbeidast med design og websider og merkevarebygging på fleire felt. Organisasjonsbygging vert og eit viktig moment i tida som kjem. Prosjektet skal avsluttast i april 2011, og då skal organisasjonen ”Unique Rhodopes” vere formelt på plass.
For The Happy End – Norddal er dette eit spanande og utviklande samarbeid. Her får dei teste eigne ferdigheiter som vertar og formidlarar. Verte kjende med nye kulturar og språk, og lære korleis andre tek vare på lokale tradisjonar og lokal mat. Denne erfaringa vonar dei kan vere med å gjere deira eige produkt betre, og kanskje kan det opne for nye og interessante samarbeid i tida som kjem.