Norddal kyrkje vart bygd i 1782, og er den fyrste 8-kanta kyrkja på Sunnmøre. Dette kyrkjeslaget skriv Leif Østby slik om i Norges kunsthistorie: "Dette klassisismens lyse og høytids-fulle kirkerom… i grunnen for lang tid framover vårt siste selvstendige innslag i den kirkelige arkitektur".
Kyrkja vart bygd opp på same staden der den gamle stavkyrkja stod. Denne kyrkja vart reist i Valldal og på 1620-talet flytta til Norddal. Delar av den gamle stavkyrkja vart nytta då dei reiste den nye.
Innvendig er kyrkja uvanleg lys og romsleg, med heile 400 sitjeplassar. Kring 1900 vart vegger og tak, stolpar og benker måla i triste fargar. Men i 1981 vart det meste luta vekk, og kyrkjerommet står no fram i sin opphavlege skapnad. Det første orgelet kom i 1921, med ein orgelfasade teikna av Domenica Erdmann, som var ein kjend norsk målar og dekoratør. Sakristiet er av nyare dato, påbygd i 1958.
På veggen attmed preikestolen heng det eit stort målarstykke. Dette er ei minnetavle for Arne Eivindsøn, som var presten på den tida stavkyrkja vart flytta over fjorden. Han døydde i 1634, det var enkja som gav biletet. På galleriveggen heng det seks gamle portrett av prestar og prestekoner. Desse målarstykke i olje på lerret, er laga kring 1673-1740. Kven kunstnaren er, veit vi ikkje.
Altartavla er ytstyrt med figurar, reliff og fløydører, alt praktfullt måla. Tavla er frå seinmiddeladeren, (kring 1510-20). Truleg kom ho frå Tyskland, og liknar mykje på dei som vart laga i Lübeck av meisteren Bernt Notke og hans elevar.
Innsidene av fløydørene viser st. Maternus og Heilag Olav. Altartavla er kransa med ei stasleg barokk-ramme som vart laga etter at altartavla kom til Norddal. Tavla er gitt som ei gåve frå Elisabeth Christophersdotter etter at mannen hennar,norddalspresten Hagen Kirkebrecht døydde.
Kyrkjetårnet er bygd i klassisk barokk-stil, "det smukkeste og høieste i hele Sunnmøre", og måtte utan tvil bu på store tekniske problem. Bygdehandverkarane valde sjølve forma og måten det skulle gjerast på. Det vart sagt at Jon Veiberg stengde seg inne på budaloftet i tre dagar med sletthøvel og fjølstubbar, til han endeleg klarte å finne framgangsmåten.
Kyrkja ligg vakkert til ved foten av Kyrkjefjellet nede ved stranda. På kyrkjegarden er det reist eit monumnet over dei omkomne i Tafjordulykka.