
6214 Norddal
Tlf. 70 25 92 28/93 63 90 70
E-post: ingunnlinge@gmail.com

Hytta ligg for seg sjølv i utkanten av garden, fint skjerma og med flott utsikt over bygda og fjorden. Den vart bygd i 1988, og er på 63 kvm, veranda 11 kvm, har to soverom og hems (2+2+4), stove, kjøkken og bad. Infraraud sauna inne og boblebad ute. Steamdusj og vaskemaskin på badet. Vinterstid med snø er det ein opplyst akebakke like ved. Lokaliseringa gir eit godt utgangspunkt for dagsturar til kjende reisemål som Herdalssetra, Geiranger, Trollstigen, badeanlegget i Tafjord, Jugendbyen Ålesund, Atlanterhavsvegen, fuglefjellet Runde og Briksdalsbreen. Hytta kan leigast heile året. Fleire og større bilete
Vi har også sel på Herdalssetra til leige i sesong (juni-september). Her er det aktiv seterdrift med geiter, sau, ku og hest.
Sommer honning: 250 gram: kr 35,-
Lyng honning: 250 gram: kr 35,-
Sommer honning: 500 gram: kr 60,-
Lyng honning: 500 gram: kr 60,-