
Hus og sel til leige
"Gamlehuset" på ekretunet i Norddal leiges ut på vekebasis/helg/døgn. Huset inneheld: 2 soverom - 4+1 senger, hems 2 madrassar, kjøken med komfyr og kjøleskap. Stove med TV (18 kanalar). Bad og vaskemaskin. Moglegheit for båtutleige.
1 km frå fjorden. Kort veg til Geiranger/Herdalssetra, flotte turmogegheiter.
Tlf. 90 53 44 19
E-post: lroars@online.no
Pris:
Døgn: 800,-
Heil veke: 3.800,-
Sel på herdalssetra
Selet er bygd i 1904. Selet blei forlenga og betydeleg restaurert i perioden 1994-2000 og framstår i dag som eit innbydande og heimekoselegse, der mykje av det gamle særpreget er ivaretatt.
Opprinneleg vart sela bygde for at budeiene kunne bu der då dei stelte dyra og produserte meieriprodukt når stølen var i drift sommarhalvåret.
I dag vert selet mest brukt til ferie, rekreasjon og friluftsliv.
Selet er eit flott utgangspunkt for småturar i nærleiken, fiske på vatnet og i elvane, jakt eller om ein rett og slett berre ynskjer å slappe av i sel-veggen å nyte det behagelege stølslivet.
Stølen er ein ynda plass for borna. Nærkontakt med dyra og småbekkene er spesielt populært.
Ekre selet inneheld gang, stove med kjøken, to soverom og hems. Såleis kan inntil ni personar overnatte. Propanbluss til matlaging og vedfyring til oppvarming. Ferskvatn hentast i eiga vasskran ute. På stølen finn ein også eit utedo. Puter og dyner er her, ein lyt ha med dynetrekk, putevar og laken sjølve.
Prisar:
Pr. døgn: Kr 600,-
Heil veke: Kr 3800,-
Bestilling/kontakt
Tlf. 90 53 44 19
E-post: lroars@online.no