baer1

Who
The Happy End har 14 medlemmar som driv næring; Ekra gard, Dale gard, Joker Norddal, Fjellgarden Gjæra, Olegarden, Hytter&Honning, Herdalsetra, Melchiorgarden, Kyrkja i Nordda, Stiftinga Notnaustet i Norddal, Norddal Hamn, Petrines Gjestgiveri og Ramslaukprodukt og Visit Norddal. Vi har medlemmar som ikkje driv næring, men som støttar arbeidet vårt i utviklinga av lokalsamfunnet i Norddal.

Øvste organ i The happy end, er Storblåsarrådet. Rådet har 3-5 storblåsarar, og vår sjefsstorblåsar er for tida Petter Melchior. Han skal mellom anna vere vårt ansikt til omverda. Elles har vi fleire storblåsarar i styret som skal stå for galskap, forteljingar og det som elles måtte vere naudsynt å gjere.


booking_norddalhamn

How and Why
Det var ein gong…
Slik må vel historia starte som skal ende med ”The happy end”. Det byrja nemleg med at det vart innkalla til ei samling. ”Vi skulle gjerne gjort noko,” sa nokre. Utgangspunktet var at vi gjerne skulle hatt fleire arbeidsplassar i bygda og stemninga på samlinga var at vi burde nok gjere noko også …

Kort sagt, det vart fleire samlingar i bygda med gode idear og store og mindre tankar.
Det enda med endeleg stifting av organisasjonen The happy end – Norddal 10. juni, 2004. Sidan det no er så på moten med ein visjon, tenkte vi: Oss må jo ha ein oss også.
Så den vart: Oss skal vise dei oss

booking_dalegard


What and Where
Formålet for The happy end er å skape aktivitet og arbeidsplassar i bygda. Dette vil vi gjere gjennom aktiv marknadsføring, produktutvikling og samarbeid med andre. Vi er altså ein næringsorganisasjon, men vi er ikkje berre det heller, vi er eit lag, ei bygd og også ein marknadsføringseining.

Vi vil nytte dei moglegheiter som ligg i bygda og området og folket i den. Vi har også skikkelege vedtekter for at alt skulle vere på stell.
The Happy End verkar i bygda Norddal. Skal du vere medlem hjå oss, må du bu og skape produkt på råvarer frå bygda eller området rundt.