olegarden
I OLEGARDEN er dei sjeldan utan godt arbeid. Saman driv Inge og Synnøve campingplass frå april til oktober. Dei dyrkar bringebær som vert selt som konsumbær til Bama og til kundar rett frå gardsbutikken. Dei lagar kanskje verdas beste bringebærsaft som du får i 0,75  eller 3 liter, i tillegg til nydeleg bringebær-edikk. Å vere bringebærbonde er nok meir arbeid enn dei fleste ser for seg. Det går med mykje tid til stell av plantene, særleg om ein prøver å sprøyte lite.
Elles er Synnøve lærar i småskulen i Eidsdal og aktiv strikkar og scrappar. Den tida Inge ikkje nyttar til bær og gjestar,  sit han i store maskinar med grabb og skuff, som ein av eigarane i SR Maskin. Mange av dei flotte steinmurane du ser i bygda har Inge laga!


Kontakt
: Synnøve Hollum Relling og Inge Relling
E-post: ingerelling@gmail.com
Telefon: 70 25 92 13 / 918 12 240
Adresse: 6214 Norddal