booking_notnaustet
Stiftinga Notnaustet
Målet for stiftinga er å ta vare på kulturminner knytt til livet på fjorden i Norddal kommune. Båten og fjorden var svært viktige for Norddalingen i nær fortid. Stiftinga vil hjelpe til å ta vare på og dokumentere det som er att av gamle gjenstandar og historia knytt til livet på fjorden. Vi vil at båtar og utstyr helst vert hjå eigarane. Stiftinga si oppgåve er hjelpe med å vedlikehalde og ta vare på eigedelen.

Viss eigaren ikkje vil halde fram med å eige båt og utstyr, kan stiftinga overta ansvaret. Stiftinga vil arbeide innafor alle bygder i kommunen, i nokre høve også Liabygda og Stranda. Norddal har eit unikt naustmiljø med ei intakt strandlinje. Bygda har òg den største samling av snidbetningar på Sunnmøre. Snidbetningen var ein båttype som fanst berre her på Sunnmøre, noko som gjer at Sunnmøre Museum og Herøy Kystmuseum gjerne vil vere med i bevaringsarbeidet.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Stiftinga vil samarbeide med både Fylkeskonservatoren, Kulturminnefondet, Sunnmøre Museum og Herøy Kystmuseum, Norddal kommune, det private næringsliv og elles alle aktørar med kunnskap og midlar til å bidra i arbeidet.Ideen til stiftinga er først og fremst å ta vare på  dei unike verdiane båt- og fjordmiljøet representerer for Norddal, og på den måten bidra til auka aktivitet langs og på fjorden til beste for både innbyggarar og gjestar.

I sommar tar vi til på det største arbeidet stiftinga har tatt på seg: å bidra til å bygge opp att dampskipskaia som gjekk med i stormen Dagmar 1. juledag 2011.