booking_herdals
Herdalssetra ligg i hjartet av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Varig vern av vassdrag og landskap dannar grunnlaget for plassen på Verdsarvlista, som omfattar verdas viktigaste natur- og kulturarv. Fleire tilbyr overnatting i enkle seterhus, kalla sel. Her finst ikkje straum, innlagt vatn eller wi-fi. Nokre sel har eige toalett, nokre har fellestoalett. Matlaging skjer på gassbluss og vatnet finn de i utandørs kran. Sela er som regel til leige frå juni til september.
Kontaktpersonar: Petter Melchior

E-post: heim@melchiorgarden.no

Telefonnummer: +47 922 83 477

Merk: Vegen til Herdalen er bomveg. Du betalar med kort på automat nedst i vegen. Vegen er ikkje open heile året. Kor tid han opnar og stenger vår og haust er alltid avhengig av veret. Spør gjerne nokon på førehand så du ikkje vert skuffa over at du ikkje kjem fram i mai/juni og september/oktober.

 

booking_dalegard
Melchiorgarden sitt sel på setra er til leige frå juni til september. 5 soveplassar + hems, Selet har enkelt kjøkken med vedomn, kjøleskap og propanbluss. Ein må sjølv ta med sengetøy. Det er vedfyrt peis på stova.

Kontaktpersonar: Petter Melchior

E-post: heim@melchiorgarden.no

Telefonnummer: +47 922 83 477

Addresse: Dalssida 22, 6214 Norddal

Prisar: Per døgn kr 700,-. Per veke kr 3800,-. Eventuell reingjering kr 300,-

 

Honning & Hytter har òg sel til leige frå juni til september. Selet er om lag 28 kvadratmeter stort fordelt på tre rom og har seks sengeplassar. På kjøkkenet er det gassbluss til matlaging og i stova finn du peis.

Kontaktperson: Pernille Dale

E-post: pernilledale@gmail.com

Telefonnummer: +47 936 39 070

Addresse: Dalsvegen 59, 6214 Norddal

Prisar: Per døgn kr. 600