Relling Camping tilbyr camping for telt, campingvogner og bubilar frå påske til etter haustferien. Her finn du dusj, toalett, tekjøkken og vaskemaskin. Dusjanlegget er inkludert i prisen, medan du betalar for vaskemaskin ved bruk. Resepsjon for campingen ligg på Petrines Gjestgiveri og er ope heile dagen i perioden 13. juni – 15. september. Utanom denne perioden vil resepsjonen har noko kortare opningstid.
Kontaktperson: Inge Relling

E-post: ingerelling@gmail.com

Telefonnummer: +47 918 12 240

Addresse: Rellingsvegen 59, 6214 Norddal

 

booking_herdals
Herdalssetra ligg i hjartet av verdsarvområdet – Vestnorsk fjordlandskap. Det er ikkje lagt til rette for camping med vogn eller bubil her. Allemannsretten gir deg høve til å telte i utmark 150 meter frå hus og hytter i inntil to døgn. På Herdalsetra betyr det at du ikkje kan telte på sjølve stølen, men både ved vatnet og over elva er det flotte teltplassar. Der finst ikkje sanitæranlegg i Herdalen, men campinggjestar kan nytte felles utedo på seterområdet.
Kontaktperson: Petter Melchior

E-post: petter.melchior@gmail.com

Telefonnummer: +47 922 83 477

Addresse: Dalssida 22, 6214 Norddal