Ope møte på Norddal Prestegard

Werfenweng er ein liten austerriksk landsby med reiseliv utan eksos, og med ein borgarmeister utan frykt. Torsdag 23.januar kjem han hit for å fortelje korleis dei gjer grøn suksess.

Ope møte på Norddal Prestegard, Paktarstova torsdag 23.januar kl 1930 Velkomne til kveldssete med borgarmeisteren frå Werfenweng.

180px-Brandauer2Dr. Peter Brandauer er borgarmeister i den vesle reiselivs-landsbyen Werfenweng i Austerrike. Så tidleg som i 1997 starta Werfenweng ei pilotsatsing på «sart» eller miljøvenleg ferdsel «Sanfte Mobilitet-Urlaub vom Auto) (ferie frå bilen).

Landsbyen har vorte kjent som eit grønt forbilde. Dette vil borgarmeisteren snakke om på paktarstova torsdag 23.januar med alle som er interesserte.

Brandauer er også innleiar på Grøn Fjord-konferansen i Geiranger 22.-23.januar, men tar seg denne eine avstikkaren for å besøke oss. Håpet er å inspirere Dalsbygda/Norddal som «Grøn bygd» i «Grøn fjord».

Kom, alle som har tankar om dette!